mandag 12. desember 2011

Reklamebilete frå skulekvardagen

Vi fekk ei oppgåve om å ta bilete på/av skulen, som kunne brukast til å reklamere for skulen. Så legg ut nokon bileta no, som eg meinar passar. Kan vere at desse bileta er lagt ut tidlegare.

Det første biletet er tatt utanfor skulen mot fjorden. Sidan eg har redigert det i photoshop, så kan dette biletet vise til faget Trykk og Foto.


Det andre biletet kan vise kva linja vår "studiespesialisering med formgiving":


Eg hadde også lyst å ta bilete av lampene som 1.klassen hadde laga, men fekk ikkje dette til..

onsdag 7. desember 2011

Photoshop!

Hadde ingen lærer i timen i dag, og gjorde forskjellige oppgaver. Blant anna så prøvde eg ut photoshop meir, og brukte bileta som vi tok på mandag (Blender og lukkertid - bildene). Når eg hadde møte med læraren, så sa ho at eg måtte ta det heilt ut når eg redigerte, og dette tenkte eg på under redigeringa. "Kva kan eg gjere for å ta det heilt ut?" Derfor brukte eg litt tid med bileta.. Det første biletet er av Maria, og eg skulle egentlig legge det ut under Blender og Lukkertid - oppgaven på mandag, men bloggen klikka og alt blei heilt rart. Derfor måtte eg fjerne det. Det eg har gjort er berre å redigere fargane og kontrastane i biletet. Anna har eg ikkje gjort. Eg kommer ikkje til å legge ut dei originale bileta, dette fordi det var enten noko feil på dei, eller fordi eg ikkje har lyst å legge ut slike private bilete. Dei redigerte bileta ser slik ut:
Her har eg tatt eit utsnitt frå eit bilete, og det er snø som dalar frå himmelen. I bakgrunnen står noen trær. Så har eg redigertdet slik at det er blitt heilt overdrevent. Eg ville med dette skape eit abstrakt bilete.

Her er det Maria som blir fryst (dvs kort lukkertid). Og her har eg ikkje gjort anna enn å redigere kontrastane opp/ned på ulike punkt i biletet, og forandra fargen til ein knall gul. Ved å gjere den gul, framhevar eg linjer som elles ville ha forsvunnet.


tirsdag 6. desember 2011

Blender og Lukkertid

 På mandag så var det nye øvelser med kameraet, og vi fortsatte med å øve på blender og lukkertid. Tenkte meir på portrettbilete denne gangen, og vi gikk sammen i grupper. Var på gruppe med Maria, Heidi og Kine. Noen av bildene legger eg ut her no, uredigert, slik at dere kan se korleis dei er tatt.
Her er det lagt vekt på øynene. Instillinger: f'/ 5,6, ISO 500, og 1/30

Her vises lang lukkertid, då snøen i biletet er blitt blørete. Instillinger: f/ 5,6, 1/50 og ISO 400.





mandag 5. desember 2011

Øving i klassen!

Tok noen nye bilder i forige uke, som skulle vere til en oppgave.. Men eg hadde allerede gjort den for lenge siden, så derfor prøvde eg bare å ta litt bilder uten å bry meg så veldig om oppgaven. Men bildene blei veldig uklare og dårlige, så legger bare ut det eg blei fornøyd med.

instillinger: f/ 5.3, 1/125, og ISO 100

Innstillinger: f/ 5, 1/250, ISO 100

Instillinger: f/ 5. 3 , 1/60, ISO 100.
Enjoy!!

mandag 21. november 2011

Julekort

Fekk ein ny oppgåve å lage eit julekort som skulen kan bruke. Det forslaget som skulen syns er best, skal bli trykt og brukast til julekort for skulen.

Når eg fekk denne oppgåva, så hadde eg ingen ideer. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, så måtte derfor inn på nettet for å få noe inspirasjon. Så først og fremst så berre prøvde eg meg fram og testa ut ulike bakgrunnar. Til slutt kom eg fram til denne bakgrunnen som er i biletet. Så tenkte eg at eg ville vise kor mykje kreativitet det er i denne klassen, og bestemte meg derfor å lage eit juletre ut ifra fotografi. Som julestjerne brukte eg eit kamera der blitsen går av. Eg kom over eit bilete av eit gamalt kamera, og fann ut at eg ville bruke eit gamalt kamera istaden for eit moderne. Eg visste at gamle kamera hadde enorme blitzer, så derfor ville eg finne eit slikt kamera då eg tenkte dette ville passe perfekt som julestjerne. Så måtte eg legge inn teksten som skulle vere med, men også skulen min sin logo skulle vere med. Då forandra eg fargen og litt formen på den, og putta den under juletreet som ein juletreholder. Fylkeslogoen skulle også vere med, og då festa eg den først på ei sløyfe som eg satte inn. Eigentleg så synstes eg ikkje den passa i biletet, så eg gjorde det slik at den kom på baksiden. Istaden for eit A4 ark med biletet, så blei biletet på halve siden og logoen på den andre, slik at eg kunne brette arket og få eit kort.

Inspirasjonskilden min:
Julekortet til en bedrift/selskap..
  Så var det over til det eg lagde... Biletet var eigentleg slik:
Og blei etter fjerning av sløyfen slik:



 Så til det ferdige resultatet.. Her har du slik julekortet mitt tilslutt blei (og dette skal sjølvsagt brettast på midten): 

Ferdig resultat!
 

Kjelder som eg har brukt:
- eigne bilete
Bilete av kamera

tirsdag 15. november 2011

søkjar og inntakskatalogen 2012

Vi fekk i oppdrag å lage forslag til søkjar og inntakskatalogen 2012. Dei to utkasta som blir trekt ut, vil bli premierte med 4000,- for kvar av katalogene. Dette var det som eg sende inn:
Dette biletet gjorde eg tidlegare, og ligg derfor allereie ute på bloggen. Men eg syns at denne passer til oppgåva då det er noko visuellt over det som gjer at du kan sjølv tenkje ut meininga med dette biletet. Min meining er at det er ein person som ser opp på stjernene. Stjernene kan representere dei tusenvis av veiene vi kan gå her i livet.

Det andre biletet som eg har laga til denne oppgåva er dette:

Dette skal også representere veiane som vi kan gå her i livet, og avstanden mellom trådane representerer at vi har muligheten til å velge vår eigen veg. Sjølv om du velger den eine vegen, så kan du lett komme deg inn på ein ny vei dersom du angrar. Desse trådane er eigentleg ulike brushes av lynnedslag. Farge har eg lagt til for å vise at vi alle er forskjellige, + at det såg betre ut enn berre svart farge.


Her er det samme biletet, berre at eg har forandra bakgrunnsfargen til ein lys grønn.
Alle bileta er mine, og laga i photoshop. Str: 23,5 x 16,5 cm.

onsdag 9. november 2011

Surrealistisk sjølvportrett 2

Har gjort den samme oppgaven på nytt igjen, men denne gangen så ville eg gjøre meg meir monster enn tiger..


Originalbildet mitt
 Eg redigerte det denne gangen berre i photoshop, noko som var mykje betre då eg denne gangen ikkje blei låst i svart/hvitt slik som sist gang (då redigerte eg det i Camera Raw). Eg fikk tips om å forandre farge på øynene og lage skarpe tenner, men eg har berre redigert øynene, då eg har brukt så lang tid på det. Det som er spesielt med øynene er at eg har redigert det slik at det hvite kommer meir fram, pupillen har ny farge, og eg har lagt lyn-brushes inn i øynene for å få et mer monster blikk. Så har eg laget blod rundt munnen, og resten av blodet i ansiktet er brushes fra deviantart.com. Eg måtte forandre lyset i huden min, for et monster skal ha lys hud, imens min var gul/rød. I tillegg så har eg redigert fargen på genseren min, då eg ikkje likte blåfargen.. Den nye fargen ble lilla, då dette også gjorde at heilheten blei skumlere + at den var ein fin kontrast til resten av fargane. På slutten ville eg eksprimentere litt, og la inn ein glidelås under høgre øyet. Så forandra eg fargen inni slik at det skulle se ut som eg hadde åpnet huden. Syns ikkje eg fekk det til slik eg ville, men no har eg no også prøvd det. La også inn noen vanlige arr, mest for morro skyld... Har brukt veldig lang tid på oppgaven, men eg syns personlig at den er bedre enn forige, men det er min mening.. Her kommer bildet: