Viser innlegg med etiketten Øvelse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Øvelse. Vis alle innlegg

onsdag 7. desember 2011

Photoshop!

Hadde ingen lærer i timen i dag, og gjorde forskjellige oppgaver. Blant anna så prøvde eg ut photoshop meir, og brukte bileta som vi tok på mandag (Blender og lukkertid - bildene). Når eg hadde møte med læraren, så sa ho at eg måtte ta det heilt ut når eg redigerte, og dette tenkte eg på under redigeringa. "Kva kan eg gjere for å ta det heilt ut?" Derfor brukte eg litt tid med bileta.. Det første biletet er av Maria, og eg skulle egentlig legge det ut under Blender og Lukkertid - oppgaven på mandag, men bloggen klikka og alt blei heilt rart. Derfor måtte eg fjerne det. Det eg har gjort er berre å redigere fargane og kontrastane i biletet. Anna har eg ikkje gjort. Eg kommer ikkje til å legge ut dei originale bileta, dette fordi det var enten noko feil på dei, eller fordi eg ikkje har lyst å legge ut slike private bilete. Dei redigerte bileta ser slik ut:
Her har eg tatt eit utsnitt frå eit bilete, og det er snø som dalar frå himmelen. I bakgrunnen står noen trær. Så har eg redigertdet slik at det er blitt heilt overdrevent. Eg ville med dette skape eit abstrakt bilete.

Her er det Maria som blir fryst (dvs kort lukkertid). Og her har eg ikkje gjort anna enn å redigere kontrastane opp/ned på ulike punkt i biletet, og forandra fargen til ein knall gul. Ved å gjere den gul, framhevar eg linjer som elles ville ha forsvunnet.


tirsdag 6. desember 2011

Blender og Lukkertid

 På mandag så var det nye øvelser med kameraet, og vi fortsatte med å øve på blender og lukkertid. Tenkte meir på portrettbilete denne gangen, og vi gikk sammen i grupper. Var på gruppe med Maria, Heidi og Kine. Noen av bildene legger eg ut her no, uredigert, slik at dere kan se korleis dei er tatt.
Her er det lagt vekt på øynene. Instillinger: f'/ 5,6, ISO 500, og 1/30

Her vises lang lukkertid, då snøen i biletet er blitt blørete. Instillinger: f/ 5,6, 1/50 og ISO 400.





mandag 5. desember 2011

Øving i klassen!

Tok noen nye bilder i forige uke, som skulle vere til en oppgave.. Men eg hadde allerede gjort den for lenge siden, så derfor prøvde eg bare å ta litt bilder uten å bry meg så veldig om oppgaven. Men bildene blei veldig uklare og dårlige, så legger bare ut det eg blei fornøyd med.

instillinger: f/ 5.3, 1/125, og ISO 100

Innstillinger: f/ 5, 1/250, ISO 100

Instillinger: f/ 5. 3 , 1/60, ISO 100.
Enjoy!!

mandag 21. november 2011

Julekort

Fekk ein ny oppgåve å lage eit julekort som skulen kan bruke. Det forslaget som skulen syns er best, skal bli trykt og brukast til julekort for skulen.

Når eg fekk denne oppgåva, så hadde eg ingen ideer. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, så måtte derfor inn på nettet for å få noe inspirasjon. Så først og fremst så berre prøvde eg meg fram og testa ut ulike bakgrunnar. Til slutt kom eg fram til denne bakgrunnen som er i biletet. Så tenkte eg at eg ville vise kor mykje kreativitet det er i denne klassen, og bestemte meg derfor å lage eit juletre ut ifra fotografi. Som julestjerne brukte eg eit kamera der blitsen går av. Eg kom over eit bilete av eit gamalt kamera, og fann ut at eg ville bruke eit gamalt kamera istaden for eit moderne. Eg visste at gamle kamera hadde enorme blitzer, så derfor ville eg finne eit slikt kamera då eg tenkte dette ville passe perfekt som julestjerne. Så måtte eg legge inn teksten som skulle vere med, men også skulen min sin logo skulle vere med. Då forandra eg fargen og litt formen på den, og putta den under juletreet som ein juletreholder. Fylkeslogoen skulle også vere med, og då festa eg den først på ei sløyfe som eg satte inn. Eigentleg så synstes eg ikkje den passa i biletet, så eg gjorde det slik at den kom på baksiden. Istaden for eit A4 ark med biletet, så blei biletet på halve siden og logoen på den andre, slik at eg kunne brette arket og få eit kort.

Inspirasjonskilden min:
Julekortet til en bedrift/selskap..
  Så var det over til det eg lagde... Biletet var eigentleg slik:
Og blei etter fjerning av sløyfen slik:



 Så til det ferdige resultatet.. Her har du slik julekortet mitt tilslutt blei (og dette skal sjølvsagt brettast på midten): 

Ferdig resultat!
 

Kjelder som eg har brukt:
- eigne bilete
Bilete av kamera