Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg

mandag 21. november 2011

Julekort

Fekk ein ny oppgåve å lage eit julekort som skulen kan bruke. Det forslaget som skulen syns er best, skal bli trykt og brukast til julekort for skulen.

Når eg fekk denne oppgåva, så hadde eg ingen ideer. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, så måtte derfor inn på nettet for å få noe inspirasjon. Så først og fremst så berre prøvde eg meg fram og testa ut ulike bakgrunnar. Til slutt kom eg fram til denne bakgrunnen som er i biletet. Så tenkte eg at eg ville vise kor mykje kreativitet det er i denne klassen, og bestemte meg derfor å lage eit juletre ut ifra fotografi. Som julestjerne brukte eg eit kamera der blitsen går av. Eg kom over eit bilete av eit gamalt kamera, og fann ut at eg ville bruke eit gamalt kamera istaden for eit moderne. Eg visste at gamle kamera hadde enorme blitzer, så derfor ville eg finne eit slikt kamera då eg tenkte dette ville passe perfekt som julestjerne. Så måtte eg legge inn teksten som skulle vere med, men også skulen min sin logo skulle vere med. Då forandra eg fargen og litt formen på den, og putta den under juletreet som ein juletreholder. Fylkeslogoen skulle også vere med, og då festa eg den først på ei sløyfe som eg satte inn. Eigentleg så synstes eg ikkje den passa i biletet, så eg gjorde det slik at den kom på baksiden. Istaden for eit A4 ark med biletet, så blei biletet på halve siden og logoen på den andre, slik at eg kunne brette arket og få eit kort.

Inspirasjonskilden min:
Julekortet til en bedrift/selskap..
  Så var det over til det eg lagde... Biletet var eigentleg slik:
Og blei etter fjerning av sløyfen slik:



 Så til det ferdige resultatet.. Her har du slik julekortet mitt tilslutt blei (og dette skal sjølvsagt brettast på midten): 

Ferdig resultat!
 

Kjelder som eg har brukt:
- eigne bilete
Bilete av kamera

tirsdag 15. november 2011

søkjar og inntakskatalogen 2012

Vi fekk i oppdrag å lage forslag til søkjar og inntakskatalogen 2012. Dei to utkasta som blir trekt ut, vil bli premierte med 4000,- for kvar av katalogene. Dette var det som eg sende inn:
Dette biletet gjorde eg tidlegare, og ligg derfor allereie ute på bloggen. Men eg syns at denne passer til oppgåva då det er noko visuellt over det som gjer at du kan sjølv tenkje ut meininga med dette biletet. Min meining er at det er ein person som ser opp på stjernene. Stjernene kan representere dei tusenvis av veiene vi kan gå her i livet.

Det andre biletet som eg har laga til denne oppgåva er dette:

Dette skal også representere veiane som vi kan gå her i livet, og avstanden mellom trådane representerer at vi har muligheten til å velge vår eigen veg. Sjølv om du velger den eine vegen, så kan du lett komme deg inn på ein ny vei dersom du angrar. Desse trådane er eigentleg ulike brushes av lynnedslag. Farge har eg lagt til for å vise at vi alle er forskjellige, + at det såg betre ut enn berre svart farge.


Her er det samme biletet, berre at eg har forandra bakgrunnsfargen til ein lys grønn.
Alle bileta er mine, og laga i photoshop. Str: 23,5 x 16,5 cm.

søndag 2. oktober 2011

Fotokonkurranse

På fredag var siste frist for å melde seg på en fotokonkurranse. Først ville eg egentlig ikkje melde meg på, for nesten alle bildene mine var på min gamle Pc, som røyk i forige uke... Følte at det var ikkje gode nok bilder, men deltok likevel. Husker ikkje hvor mange bilder eg deltok med, men du kunne ikkje sende inn meir enn 3 bilder i hver kategori. Kategoriene var: mitt miljø, dyre og planteliv og tilslutt naturens stemninger. 3 av bildene eg leverte inn var: